Deling av grunneigedom –oppretting av ny grunneigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eit eige gards- og bruksnummer. Grunneigar/ heimelshavar søkjer kommunen om løyve til å dele frå ein parsell av eigedomen sin.
 

Målgruppe

Grunneigarar

Vilkår

Søknaden vert vurdert i forhold til:

• Parsellar skal vere skikka til å bygge på i forhold til storleik og form
• Parsellar skal vere sikra lovleg tilkomst til veg som er åpen for alminnelig ferdsle
• Avkøyrsle frå offentleg veg må være godkjend
• Bustadtomter skal ha tilstrekkeleg tilgang til hygienisk betryggande drikkevatn
• Avløpsvatn frå bustadtomter skal være sikra i samsvar med ureiningslova
• Frådelinga vert vurdert i forhold til gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan).
• Frådelinga vert vurdert i forhold til jordlova (J §12)
• Frådelinga vert vurdert i forhold til naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m
• Det kan verte stilt vilkår til delingsløyvet (vassforsyning, vegtilkomst o.l)

Vedlagt søknaden skal vere ein kartkopi der parsellen er innteikna og dokumentasjon som syner at naboar/ gjenbuarar har fått nødvendig varsel.

Pris

Oppretting av grunneigedom og festegrunn
areal frå 0 – 500 m² kr 6.500
areal frå 501 – 2000 m² kr 11.000
areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da. kr 1.000

Handsaming

Sakene har som regel ei to-trinns-handsaming:

1. Først vurderer kommunen om det skal gjevast løyve til frådeling av ny parsell
2. Deretter gjennomfører kommunen sjølve frådelinga (kart- og delingsforretning

Søknaden vert vurdert opp mot ei rekkje lover, planar og bestemmelsar. Løyve til deling av grunneigedom vert berre gitt dersom søknaden kan aksepterast i forhold til dette.

Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2
 

Annan informasjon

Etter at det er gitt løyve til oppretting av ny grunneigedom, gjennomfører kommunen oppmålingsforretning.
Den nye eigedomen får eige gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen vert registrert i matrikkelen, og melding om oppretting av ny grunneigedom vert sendt til tinglysing. Det vert utferdiga matrikkelbrev for den nye eigedomen.

Ved bortfeste av deler av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre løyve til oppretting av ny grunneigedom.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21

Send e-post

Web levert av CustomPublish AS