Kva du kan forvente hjelp til:

  • Reingjering:
    Støvsuging, støvtørking, golvvask av eitt soverom, eitt opphaldsrom/stove, kjøken, eitt bad/toalett og gang etter brukar sitt val. Reingjering vert gjeve inntil kvar 14. dag og kun for rom som er i dagleg bruk. Innvendig og utvendig vindaugsvask ein gang pr. år. Ved utvendig vindaugsvask må ein kunne stå på bakken. Tid til vindaugsvask kjem ikkje i tillegg til det tildelte timetalet for heimehjelp. Dei dagane vindaugsvask vert utført må andre oppgåver utstå.
  • Skift/vask av klær og sengetøy:
    Vask av klær og sengetøy i brukaren si eiga vaskemaskin eller vaskeri for brukar si rekning. Sengeskift vert utført inntil kvar 14. dag.
  • Matlaging/servering og oppvask:
    Hjelp til tilrettelegging av frukost og kvelds, eventuelt middagsutlevering/oppvarming og opprydding i samband med dette. Oppvask maksimum 1 gang daglig.
  • Handling:
    Hjelp til tinging / henting av daglegvarar i avtalt butikk inntil ein gong i veka. Betaling for varene skal skje direkte mellom brukar og butikk og ikkje via heimehjelparen. 

Me lovar:

  • At du blir møtt med respekt
  • At du som hovudregel blir kontakta seinast 4 dagar etter at vi har motteke din søknad.
  • At din søknad som hovudregel blir handsama innan 3 veker jfr. Forvaltningslova
  • At du så langt som mogeleg skal få innverknad på korleis tenesta skal utførast.
  • Å gje deg praktisk bistand i samsvar med vedtak og avtale.
  • At personalet overheld teieplikta.
  • At dersom tenesta ikkje kan utførast på avtalt dag, vil du få melding.

For at me skal kunne oppfylle dette:

  • Må du gje rette opplysningar om kva du kan klare sjølv og kva du treng hjelp til.
  • Må du vera villig til å gjera deg nytte av tekniske og andre hjelpemiddel som kan
  • lette kvardagen.
  • Stille naudsynt utstyr til disposisjon for utføring av tenesta etter nærare avtale, som til dømes støvsuger med lang, regulerbar skaft, vaskemaskin, vaskemiddel, bøtte, klutar og mikrobølgjeomn til oppvarming av mat.
  • Gje beskjed om du skal reise bort eller av andre årsaker ikkje treng tenesta ein dag/ein periode.

Tenesta inneheld ikkje:

  • Reingjering av rom som ikkje er i daglig bruk.
  • Opprulling av hår og anna hårpleie.
  • Følgje til avtalar/behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut, optikar, frisør og liknande.
  • Hagearbeid.
  • Baking, stryking, pussing av sølvtøy, messing og kopar.
  • Storreingjøring av tak og veggar, boning av golv, dra ut store og tunge tepper og møblar, innvendig vask av skap og liknande
  • Snømåking
  • Kjøpe og pynting av juletre
  • Vedhogging og vedbæring
  • Nedvask av hus
  • Huslege oppgåver i samband med gjester og andre vaksne i husstanden.
  • Hjelp til husdyrhald, rydde og vaske etter husdyr.
  • Hjelp til flytting.
  • Vask av fellesgang/trapperom. Dersom slik vask er ein del av pliktene i ein leigeavtale, skal hjelp til dette likevel vurderast.

Merknader:
I feriar, helgedagar og ved sjukdom kan det verte reduksjon i omfanget av hjelp. De vil i tilfellet få nærare melding om dette.