Driftsbygning i landbruk

Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedommen din, må du melde frå om dette til kommunen. Ei melding følgjer ein enklare prosedyre enn ein søknad og har høvesvis kort saksbehandlingstid. Meldinga må innehalde gode nok opplysningar om tiltaket. Naboar som vert berørt skal ha varsel.
Det er likevel fleire vilkår som må oppfyllest.
 

Målgruppe

Landbruk

Vilkår

•  Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
• Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
• Nabovarsling må vere gjort

Vedlegg til søknaden:
• Situasjonskart
• Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
• Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.

Rettleiing:
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå nokre av vilkåra.
 

Pris

Kr. 1336,- + tillegg etter kommunens regulativ for ansvarsrett

Handsaming

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.

Handsamingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar og fråsegn frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane.

Har det kome protestar frå naboar, skal kommunen òg behandle saka innan tre veker. I slike tilfelle kan ikkje løyvet reknast for gjeve dersom kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen.
 

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS