Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedommen din, må du melde frå om dette til kommunen. Ei melding følgjer ein enklare prosedyre enn ein søknad og har kortare saksbehandlingstid. Meldinga må innehalde gode nok opplysningar om tiltaket. Naboar som vert berørt skal ha varsel.
Det er likevel fleire vilkår som må oppfyllast:

• Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
• Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
• Nabovarsling må vere gjort

Vedlegg til søknaden:
• Situasjonskart
• Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
• Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.

Du sender skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå nokre av vilkåra.