1. Korleis taksten er utarbeidd

Føremålet med takseringa er å komme fram til ein vurdert marknadsverdi for den enkelte eigedom.
Taksten ein har komme fram til er eit resultat av fleire faktorar:

-Faktainformasjon frå eigedoms- og bygningsarkivet om tomt og storleiken på bygningane.
-Synfaring av eigedomen.
-Faktainformasjon utsendt til den enkelte eigedomseigar, kvalitetssikra ved gjennomgang og kontroll.
-Takstforslag på den enkelte eigedom som er førelagt takstnemnd for gjennomgang, godkjenning og endeleg skattetakst.
-Skattetakstnemnda fastset endeleg skattetakst på kvar enkelt eigedom. 
 
For å komme fram til rettast mogleg takst på næringseigedomar, har skattetakstnemnda fått rettleiing frå fagpersonar.


2. Sjablonverdiar for eigedomar

Med heimel i kommunen sine vedtekter for eigedomsskatt, har skattetakstnemnda utarbeida eigne sjablonverdiar som er nytta ved takseringa:

Sjablonverdiar på tomt og bygningar
Tomt og bygningar Eining Pris (kr)
Einebustad, rekkehus, fritidsbustader Pr. kvm.

7500

Terrassehus, leilegheiter Pr. kvm.

7500

Våningshus Pr. kvm.

7500

Garasje, carport Pr. kvm.

2000

Uthus, lager (ikkje for næring) Pr. kvm.

2000

Bustadtomt Pr. kvm.

150

Landbruksbygningar Pr. kvm.

0

Hotell Pr. kvm.

5000 

Kontorbygg – høg standard Pr. kvm.

5000 

Forretningsbygg - høg standard Pr. kvm.

5000 

Kontor / forretningsbygg – normal standard
Pr. kvm.

4400

Div. industribygg, lager Pr. kvm.

3150 

Næringstomt Pr. kvm.

200

Etasjefaktorar:
Det er nytta ein etasjefaktor for å koma fram til ein gjennomsnittsverdi på dei ulike etasjane i ein bygning: 

Etasjefaktorar
Etasje Etasjefaktor
Hovudetasje

1

Loft i bustad

0,9

Underetasje

0,8

Kjellar

0,4

Loft i garasje

0,3

Kjellar i garasje

0,2

Loft i garasje m/ bustadfunksjon

0,9

3. Sonefaktorar

Ut frå ei totalvurdering, vel skattetakstnemnda å nytte sonefaktorar for fastsetting av omsettingsverdien til den enkelte bustadeigedom:

Bustad og fritidseigedomar
Sone 1 Sentrum - grense mot Sogndal i aust og avkøyrsle til Henjav. i vest.
Njøsav.til krysset mot Henjav., Holev.,Hagane, Krosshaug.
Øvre grense angitt på kart.

1

Sone 2 Byggjefelta Dalen / Røysa / Seberg / Monken /
Kyrkjev./ Strandavegen / Hanahaug /
Solbakken / Hamrevegen/Leirbakken/ Husabøv./ Nyhagen/
Hatlebakkane
Langs Sognefjordv. til krysset ved ytre Hamre.

0,9

Sone 4 Leitevegen med tilstøytande sidevegar / Hallandsvegen /
Hellebergvegen med tilst.vegar

0,8

Sone 3 Veten / Frækaland / Haug
(Veten: Bustader med avk.frå Sognefjordv. frå Hamrev. og ut til
grensa for eiged.skatt).

0,7

4. Andre rammer for takseringa

Alder på bustad:
Byggjeår er i dei fleste tilfelle retningsgivande for standarden på ein bygning og kan difor nyttast som utgangspunkt for den vidare skjønnsmessige vurderinga av eigedomen med tilhøyrande bygningsmasse.
Indre faktor med bakgrunn i byggjeår er sett til: 

Indre faktor
Bygt i perioden 1980 og fram til i dag IF = 1 
Bygt i perioden 1979 - 1960 IF = 0,9 
Bygt før 1960 IF = 0,8

Tomt:
Alle bygningar godkjende til bustad- fritidsføremål, er taksert med evt. tilhøyrande garasje / uthus og tilhøyrande tomt. 
Det er nytta faktisk tomteareal, henta frå berekna areal i kartdata. 
På større eigedomar / gardsbruk er det nytta ein tomtestorleik på 1000 kvm pr. bueining.


Spesielt for landbrukseigedomar:
På eigedomar som vert drivne som jord- og skogbrukseigedomar er bustadbygg, fritidsbygg, garasjar naust og liknande taksert.
Til kvar bueining vert det rekna ei tomt på 1000 kvm.
Andre deler av landbrukseigdomen og landbruksbygg er lovbestemt fritekne for eigedomsskatt.
På grunn av konsesjons- og delingsreglane i jordbruket, er det ut frå retningslinjer frå finansdepartementet, gitt ein verdireduksjon for den takserte delen av landbrukseigedomen. (Gjeld gardsbruk med produksjon) 

5. Faktura på eigedomsskatt

Utrekna eigedomsskatt vert fakturert i to terminar, april og oktober.