Eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok den 15.12.2009 fylgjande skattesatsar for 2010:
Bustader og fritidseigedomar: 2,5 promille av takstsummen
Verk og bruk: 7 promille av takstsummen
Næringseigedomar: 7 promille av takstsummen 
 

Eigedomsskatten forfell til betaling i 2 terminar : 15. april og 15. oktober.

Leikanger kommune har hatt eigedomsskatt frå 2000. I samsvar med byskattelova har kommunen i 2010 gjennomført ny alminneleg taksering av eigedommane som ligg innafor takstområdet. Takstområdet er ikkje endra.

Skattetakstnemnda er valt av kommunestyret og er ansvarleg for å taksera alle eigedomane i samsvar med reglane eigedomsskattelova trekkjer opp.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Økonomirådgjevar
Ingunn Broch Hauge
Telefon: 57 65 56 17

Send e-post

Web levert av CustomPublish AS