Fylgjande skattesatsar er vedtekne av kommunestyret:
Bustader og fritidseigedomar: 3 promille av takstsummen
Verk og bruk: 7 promille av takstsummen
Næringseigedomar: 7 promille av takstsummen 

Eigedomsskatten forfell til betaling i 2 terminar: 15. april og 15. oktober.

I samsvar med byskattelova har kommunen i 2010 gjennomført ny alminneleg taksering av eigedomane som ligg innafor takstområdet. Desse takstane skal ligge fast for dei neste 10 åra.

Kommunestyret fastset promillen skatten skal utreknast etter i budsjettmøtet i desember.

Skattetakstnemnda er valt av kommunestyret og er ansvarleg for å taksera alle eigedomane i samsvar med reglane eigedomsskattelova trekkjer opp.