I samband med samanslåing av kommunane Leikanger, Balestrand og Sogndal, vil det vere naudsynt å endre namn på ein del adresseparsellar for å unngå like namn.

Fellesnemnda har vedteke at følgjande adresseparsellar i Leikanger kommune må endre namn:
-Leitevegen
-Kyrkjevegen (Forlenge Strandavegen slik at Kyrkjevegen vert ein del av denne)
-Gjerde

Bakgrunn

Ved kommunesamanslåing er det viktig å unngå like og likelydande adressenamn. I lovverket er det tydeleg, ved tildeling av adresser, at adressenamn skal være eintydige i kommunen. Unike adressenamn sørgjer for at alle på ein lett og forståeleg måte kan finne fram til bygningar og bustader, eller andre stader det er viktig å finne fram til. Fleire kriterier er lagt til grunn i valet av kva for adressenamn som skal bestå og kven som må få nye adressenamn.

For Leitevegen er tal adressatar knytt til vegen avgjerande for kven som må endre namn. Leitevegen har 52 adressatar i Leikanger og 77 adressatar i Sogndal.

Kyrkjevegen har 12 adressatar i Leikanger og 14 adressatar i Sogndal, noko som er tilnærma likt. Sogndal beheld Kyrkjevegen, då det er mogeleg å forlenge Strandavegen i Leikanger slik at Kyrkjevegen blir ein del av denne.

Leikanger, Balestrand og Sogndal har alle Gjerde(t) i sine kommunar. Her er det blitt lagt vekt på å oppretthalde eit gjennomført system med områdeadressering i Balestrand, framfor å prioritere tal adresser knytt til gatenamnet.

Leikanger beheld Lundevegen, Prestavegen og Sognefjordvegen.

Nye gatenamn

Leikanger kommune inviterer med dette alle til å komme med forslag til nye namn på Leitevegen og Gjerde, samt ei kort grunngjeving for forslaget. Forslag vert sendt til Leikanger kommune på postmottak@leikanger.kommune.no innan 10.12.2018.