Ergoterapi er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar, eller som står i fare for å få det.
Den enkelte kan sjølv ta kontakt med ergoterapeuten eller få andre i helsetenesta til å gjere det. Tenesta er gratis.


Framgangsmåten er målretta bruk av aktivitet og tilrettelegging av omgjevnadane.
Dette skjer m.a. ved:

  • Kartlegging/vurdering av funksjon og livssituasjon
  • Råd, rettleiing og trening i ferdigheiter i aktivitetar i dagleglivet
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel: Rikstrygdeverkets hjelpemiddel ved varig utlån, og kommunale hjelpemiddel ved kortvarige behov
  • Informasjon og rettleiing til pårørande eller andre
  • Råd og rettleiing i høve tilpassingar i bustad, barnehage og skule
  • Sakkunnig bistand i bustadsaker der det vert søkt om utbetringstilskot/lån for funksjonshemma