Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brannlovgivinga pålegg kommunen å syta for feiing og tilsyn med fyringsanlegg etter behov, men minst ein gong kvart fjerde år.

Alle bustader med omn tilknytt pipe er pålagt kommunal feiing.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Vilkår

Feiaren pliktar ikkje å ta med seg stigemateriell og skal heller ikkje utføra feiinga dersom tilhøva kring arbeidet ikkje er forsvarlege. Ikkje utført feiing på grunn av manglande tilkomst gir ikkje rett til fritak frå feiegebyret.

Eigar eller leigar vert på førehand varsla om feiing eller tilsyn med oppslag på inngangsdøra. I oppslaget vert det varsla om å setja fram stige for tilkomst til tak, stenging av spjeld, samt gitt høve til melding til feiaren dersom ingen er heime på feietidspunktet eller at du ønskjer å fjerna sota etter feiinga sjølv.
 

Pris

Årsgebyr kr.242,- + mva. Tillegg pr. ekstra pipe på same bygning kr. 128,-.

Klage

Er du ikkje fornøgd med dei tenestene feiarar utfører, ta kontakt med kommunen.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogn brann og redning IKS
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Brannsjef
Hans-Morten Blikseth
Telefon 57 62 96 00

Send e-post

Overordna brannvakt
Telefon 48 29 69 29

Naudnummer 110
skal nyttast ved brannmelding!

Web levert av CustomPublish AS