Velferds-, oppvekst- og kulturutvalet i Sogndal og Formannskapa i Leikanger og Balestrand kommune vedtok i møte den 13.09.2018 å fastsetja planprogram og senda planforslag ut på høyring og offentleg ettersyn.

Planen skal vera eit verktøy som heng saman med dei andre overordna planane i kommunane, og legg føringar for korleis fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv skal innarbeidast og sjåast i samanheng med andre planar som fremjar viktige tiltak for betre folkehelse i kommunane. Vedtekne tiltak skal følgjast opp i handlingsdelen og økonomiplanen.

Dokument i saka:

Saksframlegg
Felles plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2019-2022
Planprogram
Merknader

Frist for innspel/merknad er 05.11.2018.

Merknader sendast til postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Ein ynskjer no innspel i høve til:

Generell del - som omhandlar kommunen sin politikk på området.
Dette er utrykt gjennom  mål, strategiar, kriterie for prioritering av ulike tiltak. Dette er mellom anna basert på resultatvurdering av tidlegare plan, nosituasjon i kommunane og behovsvurdering. Denne delen skal vise kommunen sin politikk og satsing på dette området i åra som kjem og er viktig for å fastsette omfang av innsats og profil og prioriteringar på det ein vil gjennomføre.

Handlingsdel - som omhandlar konkrete tiltak ein kan gjennomføre.
Konkrete tiltak som kan bli gjennomført og vert sett inn i handlingsprogram eller langtidsprogram. Dette kan vere forslag til anlegg og også aktivitetar.

Invitasjon til møte

I samband med høyring av planen inviterer kommunane til møte:

15. oktober kl 18:00 - 20:00 i Balestrand
16. oktober kl 18:00 - 20:00 i Leikanger
17. oktober kl 18:00 - 20:00 i Sogndal