Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som byggherre ("tiltakshavar") og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for tiltaket og rammene for den vidare sakshandsaminga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova.
For tiltak som berre krev melding, kan du møte kommunen åleine.
For søknadspliktige tiltak bør du ha med deg firmaet du har engasjert til å ta seg av heile søknadsprosessen ("ansvarleg søkjar").
Konferansen blir halden før ei eventuell melding eller ein søknad blir sendt til kommunen.

Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ynskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førehandskonferanse.

Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.

Ta kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det.