Dei som ønskjer å førehandsrøyste ved årets val, kan gjere det på Tinghuset. Grunna gravearbeid på uteområdet, kan tilkomsten til Tinghuset vera enklare frå parkering ved kyrkja eller i Leitevegen nedanfor gamle bankbygget.

Dersom ein parkerer på nedsida av Tinghuset, kan ein gå opp stien på austsida av bygget eller gjennom barnehagen i Sorenskrivargarden.