Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Dersom du ynskjer å fylle ut eller planere terrenget på tomta di utan at det medfører vesentlege endringar, treng du ikkje sende melding eller søknad til kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast.
Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Alle
Generelle vilkår:
• Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
• Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
• Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Særskilde vilkår:
• Tiltaket oppfyller alle relevante byggtekniske krav, slik som omsynet til miljø, grunnforhold og tryggleik
• Tiltaket må ikkje føre til eit avvik på meir enn 3,0 meter frå opprinneleg terrengnivå i spredtbygde strok
• Tiltaket må ikkje føre til eit avvik på meir enn 1,5 meter frå opprinneleg terrengnivå i tettbygde strok
• Tiltaket må ikkje føre til eit avvik på meir enn 0,5 meter frå opprinneleg terrengnivå i rekkje- eller kjedehus
• Endringar i terrenget må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg
Dersom du har mistanke om at tiltaket kan påverke freda kulturminne, eller du treff på slike kulturminne når du skal gjennomføre tiltaket, må du kontakte kulturmyndigheitene.
Rettleiing
Du treng ikkje å sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket samsvarar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Ingen kostnad
Naboar og andre involverte kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.
Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket fører til sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga.
Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
• Forvaltningsloven
• Forskrift om krav til byggverk (TEK)
• Forskrift om saksbehandling i byggesaker (SAK)
• Statens bygningstekniske etat
• Plan- og bygningsloven § 93
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
