Leikanger kommune har ledig avtaleheimel med 80% driftstilskot for fysioterapeut frå 01.10.18. Praksisen er lokalisert i Leikanger helsesenter som også omfattar legesenter, helsestasjon og pleie- og omsorg. Kommunen har om lag 3 årsverk for fysioterapi, der 1,8 årsverk er kommunalt tilsette og 2 er privatpraktiserande fysioterapeutar. I avdelinga er det og 0,8 årsverk for ergoterapeut.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Utøve allmenn fysioterapi for alle alders- og diagnosegrupper
  • Delta i tverrfagleg samarbeid omkring ulike pasientgrupper
  • Delta aktivt i arbeidet med å utvikle gode kommunale helsetenester

Kvalifikasjonar

  • Autorisert fysioterapeut
  • Klinisk erfaring og kompetanse innan allmenn fysioterapi og rehabilitering
  • Interesse og erfaring med gruppebasert trening

Personlege eigenskapar

  • Vere målretta og strukturert
  • Ha god evne til å kommunisere, planlegge og jobbe sjølvstendig
  • Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vert vektlagt ved tilsetjing

Avtaleheimelen er regulert av den til ei kvar tid gjeldande avtalar mellom KS og NFF om drift av fysioterapiverksemd som del av kommunal helseteneste. Ved tildeling av avtaleheimelen vert det lagt vekt på fagleg kompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar.

Det er krav om godkjend politiattest.

Ta kontakt med helsesjef Leiv Erik Husabø tlf 57655666, eller leiande fysioterapeut Rannveig Kvåle tlf 57655657/94142644, for å få meir informasjon om heimelen.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist 30. september 2018