Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod innan førebyggjande helsearbeid og behandling av sjukdom og skade. Målgruppa er personar med trong for fysioterapi ved nedsett funksjonsevne, sjukdom eller skade. Det er fysioterapitenesta eller legen din som på grunnlag av faglege vurderingar finn den beste behandlinga. 

Frå 01.01.2018 er det direkte tilgang til fysioterapi, noko som inneber at pasienten sjølv kan ta kontakt med fysioterapeuten utan tilvising. Fysioterapitenesta må prioritere ut frå diagnose. Dei som har best nytte av behandling blir prioritert. Enkelte pasientgrupper må rekne med noko ventetid.

Du kan få fysioterapiteneste uavhengig av om du bur heime eller på institusjon. Bur du heime, kan du få tilbod om fysioterapi i heimen dersom du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkje fysioterapeut.

Kommunefysioterapeut har kontordag på Leikanger sjukeheim kvar tysdag.