Gang- og sykkelvegen på utsida av rv. 55 Fatlatunnelen blir stengd i periodar når arbeid med fjellreinsk startar 12. august, melder Statens vegvesen.

Lause steinar og massar som har samla seg opp i fjellsida over gang- og sykkelvegen, skal reinskast vekk. Fanggjerdet som hindrar ras og steinsprang i å nå vegen treng vedlikehald, og skal forlengast.

Arbeidet startar måndag 12. august, og er forventa å ta rundt tre veker. Arbeidstida blir frå kl. 0700 til kl. 1900 måndag til fredag. Grunna fare for nedfall vert vegen stengd medan det er arbeid på staden. Syklistar vil få sleppa forbi arbeidsstaden, men må bu seg på noko venting. Det er forbode å gå eller sykla gjennom rv. 55 Fatlatunnelen.