Om du treng bistand til å styre din økonomi eller har gjeldsproblem, kan du få hjelp frå NAV til å skaffe oversikt over gjelda di, ta kontakt med kreditorar, inkassoselskap, Namnsmannen osv.
Du kan få bistand til å lage budsjett og nedbetalingsplanar tilpassa din økonomi. Nav vil fungere som eit nøytralt bindeledd mellom deg og dine kreditorar.

NAV eller Namnsmannen(lensmannen) kan gi deg meir informasjon om reglar i høve til gjeldsordning. Det er forholdet mellom størrelsen på gjelda og type gjeld, samt betalingsevna di som avgjer om du fyller vilkåra for å få innvilga gjeldsordning.
Det er strenge reglar for å få innvilga gjeldsordning.
Ta kontakt med NAV kontoret for å få meir informasjon.

Du kan også ringe gratis til økonomirådgjevingstelefonen hjå NAV, tlf : 800 45 353