Grensejustering

Ei grensejustering vil sei at det kan overførast mindre område mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles grense. For overføring av større område, sjå arealoverføring.

Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne. Grensejustering kan ikkje nyttast ved godkjend deling av eigedom etter plan- og bygningslova.

Målgruppe

Personar som kan krevje grensejustering (rekvirentar), er mellom anna grunneigarar (sjå òg matrikkellova § 9).

Vilkår

Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % målt mot den minste matrikkeleininga, men maksimalt 500 kvadratmeter. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 kubikkmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).

Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.

I søknaden skal det føreligge:

  • Skriftleg samtykke frå registrerte grunneigarar og registrerte festarar som grensejusteringa har noko å seie for.
  • Arealrekneskap for involverte eigedommar og overførte areal, og eventuelt tidlegare grensejusteringar.
  • Dokument frå kommunen som viser at grensejusteringa ikkje fører til deling av driftseining. (jf. jordlova)
  • Pårekna verdi for involverte eigedommar
     

Pris

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomen sitt areal (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan mellombels ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre realklassar gjelda.
areal frå 0 – 250 m² kr 4.000
areal frå 251 – 500 m² kr 6.000
 

Handsaming

Ved matrikkelføring av ei sak som krev grensejustering, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravd forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Handsamingstid

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker. Eventuell tid som rekvirenten nyttar for å få søknaden komplett vert tillagt.

Klage

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21

Send e-post

Web levert av CustomPublish AS