Ei grensejustering vil sei at det kan overførast mindre område mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles grense. For overføring av større område, sjå arealoverføring.

Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne. Grensejustering kan ikkje nyttast ved godkjend deling av eigedom etter plan- og bygningslova.

Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % målt mot den minste matrikkeleininga, men maksimalt 500 kvadratmeter. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 kubikkmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).

Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.

I søknaden skal det føreliggje:
Skriftleg samtykke frå registrerte grunneigarar og registrerte festarar som grensejusteringa har noko å seie for.
Arealrekneskap for involverte eigedommar og overførte areal, og eventuelt tidlegare grensejusteringar.
Dokument frå kommunen som viser at grensejusteringa ikkje fører til deling av driftseining. (jf. jordlova)
Pårekna verdi for involverte eigedommar

Ved matrikkelføring av ei sak som krev grensejustering, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravd forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.