Heimehjelp / praktisk bistand

Hjelp til dagleglivets gjeremål i heimen og i tilknyting til hushaldet.

Målsetjinga for tenesta er å leggja til rette for god livskvalitet ved å byggja opp under brukaren sine ressursar og så langt råd er hindra at svikt oppstår og får utvikla seg. Det er vidare ei målsetjing at alle som ynskjer det skal få bu lengst mogeleg i eigen heim.

Målgruppe

Innbyggjarane i Leikanger kommune som har eit særskild behov for hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker.

Handsaming

Individuell vurdering av søknaden vert føreteke etter samtale / heimebesøk og gjev grunnlag for vedtak om tenester.

Når vedtak er fatta, får du skriftleg melding om din søknad er innvilga eller ikkje.

Dersom søknaden din er innvilga, vert vedtaket sendt over til heimebaserte tenester som vil avtale oppstart av tenesta.
 

Handsamingstid

4 veker

Søknadsfrist

Ingen

Klage

De har rett til å klage på overnemnde administrative vedtak i høve til innhaldet og omfang av tilbodet, jfr. Lov om sosiale tenester § 4-3 og § 4-2.
Tenesteleiar i Pleie og Omsorg, eller den som får delegert ansvar, kan vere hjelpsam med å forme ein klage, jfr. Lov om Behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.02.67 § 11.

Ein klage kan vere skriftleg eller munnleg og skal innehalde ein beskriving av kva det klagast på og kva endringar som er ynskeleg, jfr. Lov om Behandlingsmåten i Forvaltningssaker av 10.02.67 § 32 a-d.
Ein eventuell klage rettast til Tenesteleiar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vil klaga bli sendt til Fylkesmannen i fylket, jfr. Lov om sosiale tenester § 8-6.

Fristen for å påklage vedtaket, i høve til innhald og omfang av tenesta er 3 veker, jfr. Forvaltningsloven § 29.

Kva du kan forvente hjelp til:
  • Reingjering: Støvsuging, støvtørking, golvvask av eitt soverom, eitt opphaldsrom/stove, kjøken, eitt bad/toalett og gang etter brukar sitt val. Reingjering vert gjeve inntil kvar 14. dag og kun for rom som er i dagleg bruk. Innvendig og utvendig vindaugsvask ein gang pr. år. Ved utvendig vindaugsvask må ein kunne stå på bakken. Tid til vindaugsvask kjem ikkje i tillegg til det tildelte timetalet for heimehjelp. Dei dagane vindaugsvask vert utført må andre oppgåver utstå.
  • Skift/vask av klær og sengetøy: Vask av klær og sengetøy i brukaren si eiga vaskemaskin eller vaskeri for brukar si rekning. Sengeskift vert utført inntil kvar 14. dag.
  • Matlaging/servering og oppvask: Hjelp til tilrettelegging av frukost og kvelds, eventuelt middagsutlevering/oppvarming og opprydding i samband med dette. Oppvask maksimum 1 gang daglig.
  • Handling: Hjelp til tinging / henting av daglegvarar i avtalt butikk inntil ein gong i veka. Betaling for varene skal skje direkte mellom brukar og butikk og ikkje via heimehjelparen. 

Me lovar:
  • At du blir møtt med respekt
  • At du som hovudregel blir kontakta seinast 4 dagar etter at vi har motteke din søknad.
  • At din søknad som hovudregel blir handsama innan 3 veker jfr. Forvaltningslova
  • At du så langt som mogeleg skal få innverknad på korleis tenesta skal utførast.
  • Å gje deg praktisk bistand i samsvar med vedtak og avtale.
  • At personalet overheld teieplikta.
  • At dersom tenesta ikkje kan utførast på avtalt dag, vil du få melding.
For at me skal kunne oppfylle dette:
  • Må du gje rette opplysningar om kva du kan klare sjølv og kva du treng hjelp til.
  • Må du vera villig til å gjera deg nytte av tekniske og andre hjelpemiddel som kan
  • lette kvardagen.
  • Stille naudsynt utstyr til disposisjon for utføring av tenesta etter nærare avtale, som til dømes støvsuger med lang, regulerbar skaft, vaskemaskin, vaskemiddel, bøtte, klutar og mikrobølgjeomn til oppvarming av mat.
  • Gje beskjed om du skal reise bort eller av andre årsaker ikkje treng tenesta ein dag/ein periode.
Tenesta inneheld ikkje:
  • Reingjering av rom som ikkje er i daglig bruk.
  • Opprulling av hår og anna hårpleie.
  • Følgje til avtalar/behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut, optikar, frisør og liknande.
  • Hagearbeid.
  • Baking, stryking, pussing av sølvtøy, messing og kopar.
  • Storreingjøring av tak og veggar, boning av golv, dra ut store og tunge tepper og møblar, innvendig vask av skap og liknande
  • Snømåking
  • Kjøpe og pynting av juletre
  • Vedhogging og ved bæring
  • Nedvask av hus
  • Huslege oppgåver i samband med gjester og andre vaksne i husstanden.
  • Hjelp til husdyrhald, rydde og vaske etter husdyr.
  • Hjelp til flytting.
  • Vask av fellesgang/trapperom. Dersom slik vask er ein del av pliktene i ein leigeavtale, skal hjelp til dette likevel vurderast.

Merknader:
I feriar, helgedagar og ved sjukdom kan det verte reduksjon i omfanget av hjelp. De vil i tilfellet få nærare melding om dette.
 

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger

Tenesteleiar
Anne Margrete Kraavik
Telefon: 57 65 56 54

Send e-post 

Web levert av CustomPublish AS