Annan informasjon
Kva kan du forvente hjelp til?
- Stå opp og leggja seg kvar dag.
- Hjelp til dagleg personleg hygiene ,dusj eller hjelp til hårvask inntil 1 gong i veka
- Å kle av og på seg.
- Munnhygiene
- Barbering.
- Tilsyn
- Toalettbesøk
- Hjelp til å ta kontakt med lege ved behov.
- Inntak av tilstrekkelig næring og væske.
- Medisinsk behandling: medikamentadministrering gjennom dosettsystem, sårbehandling og anna.
- Hjelp og omsorg ved livets slutt.
Me lovar:
- At du vert møtt med respekt
- At du som hovudregel vert kontakta seinast 4 dagar etter at vi har motteke din søknad.
- At din søknad som hovudregel vert handsama innan 3 veker jfr. Forvaltningsloven.
- At du så langt det er mogeleg får innverknad på korleis tenesta skal utførast.
- Å gje deg personleg hjelp i samsvar med til vedtak og avtale.
- At personalet overheld teieplikta.
- At dersom tenesta ikkje kan utførast på avtalt dag, vil du få melding.
For at me skal kunne oppfylle dette:
- Må du gi rette opplysningar om kva du kan klare sjølv og kva du treng hjelp til.
- Må du være villig til å gjera deg nytte av tekniske og andre hjelpemiddel som kan letta kvardagen.
- Må du stilla naudsynt utstyr til disposisjon for utføring av tenesta etter nærare avtale.
- Må du seie i frå dersom du skal reise bort eller av andre årsaker ikkje trenger tenesta ein dag/ein periode.
Tenesta inneheld ikkje:
- Fylgje til avtale/behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut, optikar, frisør og liknande.
Kommunehelseloven § 2-1 jfr §1 – 3, 2.ledd nr 4.
Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene for tenesteyting etter Lov om helsetenesta i kommunane.