Hjelpemiddel - utlån

Tekniske hjelpemiddel vert gitt i heimen i samband med pleie og omsorg, rehabilitering og stimulering og aktivisering for born. Hjelpemiddel er eit av fleire tiltak som kan løyse praktiske problem, mellom anna kan det avhjelpe rørsle-, syns- og høyrselproblem.

Målgruppe

Menneske i alle aldrar og livsfasar med ulike sjukdomar, skade eller lyte og som har vanskar med å utføre daglege aktivitetar eller står i fare for å få det.
 

Vilkår

Hjelpemiddelformidlinga er omfatta av 2 ordningar: 
1) Kommunalt utlån: kortvarig behov for hjelpemiddel i inntil 2 år. Avgrensa utval av hjelpemiddel.
2) Stønad gjennom folketrygda: varig og vesentleg innskrenka funksjonsevne, d.v.s over 2 år.
 

Pris

Ingen kostnad.

Handsaming

Nærare orientering og søknadsskjema får ein ved å venda seg til kommunefysioterapeut.

Tildeling av hjelpemiddel gjennom folketrygda skjer etter vedtak ved Hjelpemiddelsentralen. Tildeling av hjelpemiddel frå kommunen skjer via heimetenesta og kommunefysioterapeut.
 

Handsamingstid

Inntil 3 veker.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Fysioterapitenesta i Leikanger
Hatlebakkane 4
6863 Leikanger

Telefon: 57 65 56 57
Mobil: 918 33 245
Telefax: 57 65 56 68

Tenesteleiar
Torill Holen

Send e-post

 

Web levert av CustomPublish AS