Tekniske hjelpemiddel vert gitt i heimen i samband med pleie og omsorg, rehabilitering og stimulering og aktivisering for born. Hjelpemiddel er eit av fleire tiltak som kan løyse praktiske problem, mellom anna kan det avhjelpe rørsle-, syns- og høyrselproblem.

Målgruppa er menneske i alle aldrar og livsfasar med ulike sjukdomar, skade eller lyte og som har vanskar med å utføre daglege aktivitetar eller står i fare for å få det.

Hjelpemiddelformidlinga er omfatta av 2 ordningar: 
1) Kommunalt utlån: kortvarig behov for hjelpemiddel i inntil 2 år. Avgrensa utval av hjelpemiddel.
2) Stønad gjennom folketrygda: varig og vesentleg innskrenka funksjonsevne, d.v.s over 2 år.

Nærare orientering og søknadsskjema får ein ved å venda seg til ergoterapeut.
Tildeling av hjelpemiddel gjennom folketrygda skjer etter vedtak ved Hjelpemiddelsentralen. Tildeling av hjelpemiddel frå kommunen skjer via heimetenesta og ergoterapeut.