Hjortejakta 2011
Leikanger storvald har rapportert uttak av i alt 85 hjortar. Dette fordeler seg med 13 eldre bukk og 20 eldre hodyr, 18 spissbukk og 15 hodyr 1 ½ år. Av kalv er det felt 9 hanndyr og 10 hodyr. Felling er i tråd med bestandsplan. Etter endringer i minsteareal fikk storvaldet tildelt 150 løyve i 2011. Fellingsprosenten for 2011 vert såleis 56,6. Fellingsprosenten gjennom bestandsplanperioden er vesentleg høgare.
Under hjortejakta i 2011 vart det nytta jaktoppsyn i Leikanger som foretok seks oppsynsrundar fordelt over heile kommunen. 20 jegerar vart kontrollerte der ei sak er levert til politiet og ei sak vart oppgjort på staden. Under kontrollane vart det lagt vekt på human jaktutøving, haldningar, våpen, ammunisjon, motorferdsel i jaktsamanheng og naudsynte papir for utøving av jakt. Det har vore direkte kommunikasjon mellom jegerar og jaktoppsyn i forkant av hjortejakta, samt at jaktoppsynet deltok på eit jegermøte der ein gjekk gjennom litt lover og reglar.
