Kommunestyret i Leikanger kommune har den 21.06.2018, sak 19/18, fatta vedtak om at framlegg til kommuneplanen sin arealdel, revisjon 2016- 2026, vert sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, i samsvar med plan og bygningslova § 11-14.
Planområdet omfattar heile Leikanger kommune.
Føremål med planen er å få vist samanheng mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk.  Arealdelen legg premissar for fysisk planlegging.

Framlegg til kommuneplanen sin  arealdel, revisjon 2016- 2026, datert 22.6.2018, er  lagt ut til offentleg i ettersyn i papirutgåve i serviceekspedisjonen på tinghuset i Leikanger, samt på  Leikanger folkebibliotek i Saften.

Høyringsfase: 28. juni - 25. august 2018.
Dei som ønskjer råd og rettleiing med skriving av merknader til arealplanen kan ta kontakt med Asplan Viak v/Diana Ekren Grundt som vil vera tilgjengeleg på Tinghuset torsdag 23. august i tidsrommet 09.00 – 11.00.

Uttale til framlegget kan sendast innan 25. august 2018 til: Leikanger kommune v/Asplan Viak AS, Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger, eller til e-post: leikanger@asplanviak.no

 1. Planomtale, kommuneplanen sin arealdel 2016 – 2026 (pdf)
 2. KPA, Leikanger plankart, 1:25 000 i A0 format (pdf)
 3. KPA Leikanger/Hermansverk, 1:7500 i A0 format (pdf)
 4. Føresegner og retningsliner (pdf)
 5. Konsekvensutgreiing og ROS- analyse, vedlegg 1 (pdf)
 6. Innspel: samandrag og vurdering, vedlegg 2 (pdf)
 7. Føremål som ikkje er KU- og ROS- vurdert, vedlegg 3 (pdf)
 8. Manøvrere i det digitale plankartet, vedlegg 4 (pdf)
 9. Saksframstilling (pdf)
10. Saksprotokoll, møte i Formannskapet 7.6.2018 (pdf)
11. Saksprotokoll, møte i Kommunestyret 21.6.2018 (pdf)

Digitalt plankart:
http://asplanviak.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=4c8fce2ec11644cfb0a6e207d0698991