I samband med samanslåing av kommunane Leikanger, Balestrand og Sogndal vil det vere naudsynt å endre vegnamn på vegparsellen Gjerde.

Kommunestyret i Leikanger kommune har i møte 13.06.2019 (sak 25/19) fatta vedtak om at følgjande framlegg vert sendt på høyring:

  • Gjerde vert erstatta av Gjerdeflaten alternativt at Njøsavegen eller Turken forlengast.

Frist for eventuelle merknader er 18.08.2019. Merknader kan sendast  til postmottak@leikanger.kommune.no eller Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger.

Høyringsbrev av 18.06.2019 (Sendt til adressatane det gjeld, Stadnamntenesta og Kartverket)
Saksprotokoll frå Leikanger kommunestyre 13.06.19, sak 25/19
Saksframlegg til Leikanger kommunestyre 13.06.19, sak 25/19