Formannskapet i Leikanger kommune har i møte 07.06.2018 fatta vedtak om at framlegg til privat reguleringsplan for bustadområdet Persjurmyri på Hanahaug vert sendt ut på offentleg høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 12 – 10.

Føremålet med planen er bygging av nye bustader på området som vist på eige kartvedlegg.

Framlegget til reguleringsplan med føresegner er lagt ut til offentleg høyring i papirutgåve i serviceekspedisjonen på Tinghuset, samt på Leikanger folkebibliotek i Saften.

Høyringsfase: 9. juli – 20. august 2018.
Uttale til framlegget kan sendast innan 20. august 2018 til: Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger eller e-post: postmottak@leikanger.kommune.no.

(Tidlegare kunngjering, datert 30. juni 2018, vert trekt attende.)


Detaljreguleringsplan for Persjurmyri