Norskopplæring

Det er både rett og plikt til å delta i 250 timar norsk og 50 timar samfunnsfag for personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve.

Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.
Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2700 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 300 timane. Arbeidsinnvandrarar må betala for undervisninga.

Norskopplæringa held til i 3. etasje i Sognatunbygget, inngang på baksida.
Norskopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til alle som til ei kvar tid har rett til slik opplæring. Tilbodet omfattar nybusette flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar som treng norskopplæring.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS