Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom personen sjølv ønskjer det. Brukar har rett til, og oppfordrast til, å delta aktivt i planen. Individuell plan skal innehalde ønskjer og mål som er viktige i brukar sitt liv. Planen skal vera med på å sikre samordning og framdrift i prosessar, avklare ansvarsforhold og gi forutsigbarheit.