Du er velkommen til å søkje stilling som sjukepleiar og vernepleiar hjå oss i tiltak for funksjonshemma i Leikanger kommune. Vi er ei tverrfagleg samansett personalgruppe, og du får hyggelege og engasjerte kollegaer med pågangsmot og godt humør. Vi har eit godt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på tett oppfølging, refleksjon, rettleiing og godt samarbeid.

Leikanger kommune er i gang med å starte opp eit heildøgns tiltak for barn i barnehagealder med samansette behov. Tiltaket vil omfatte fleire årsverk fordelt på ulik fagkompetanse der tverrfagleg samarbeid er nødvendig. Tiltaket er oppretta for å ivareta helsehjelp til barnet og avlastning for foreldre. Arbeidsstad vil vere hovudsakleg i barnet sin heim, men og noko i barnehage. I heimen er det tilrettelagt for ein eigen personalbase. Du vil få vere med å bygge opp eit trygt og fagleg godt team med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil få oppfølging og rettleiing undervegs av både helsefagleg og pedagogisk spesialistteneste

Arbeidsoppgåver vil vere sjukepleie for å observere, behandle og vedlikehalde ulike medisinske grunntilstandar, førebygge sjukdom og oppfølging av habiliteringsplan for barnet. Du vil få god og grundig opplæring i å handtere dei ulike medisinske tilstandane, og tilhøyrande utstyr som t.d. pasientmonitor (skop) for å overvake hjerterytme, ernæringspumpe, c-pap, inhalasjonsapparat. Det vil bli tett tverrfagleg samarbeid med sjukehus og andre fagaktørar og foreldre.

Turnusarbeid. Bemanning 2:1 på dag, ettermiddag og kveld. Nattevakt 2:1 ved behov og i samarbeid med heimesjukepleien. Det kan bli vurdert ulike turnusordningar tilpassa tilsette sine ynskje.  Storleik på stillingane vil i hovudsak vere inntil 100%, men det kan også bli behov for deltidsstillingar. Ber om at søkjar set fram ynskje om stillingsstorleik i søknaden.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleier/ vernepleiar
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi ynskjer innspel om kva turnus du helst ynskjer (3-delt, langvakter osv)
  • Utfordrande og variert arbeid. Fagleg og personlig utvikling
  • God oppfølging og rettleiing
  • Redusert treningskontingent på treningssenteret i Saften
  • Ein arbeidsplass som er ei IA-bedrift

Det er krav om godkjend politiattest av nyare dato for alle stillingane. Tilsetjing frå snarast. Løn etter kommunal tariffavtale. Det er 6 månader prøvetid i faste stillingar. Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtale. Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju, og personlege eigenskapar vil inngå i vurderinga.
Ta gjerne kontakt med leiar i Tiltak for funksjonshemma, Gunn Ragnhild Rimala, telefon 91626119 for å få meir informasjon om stillingane.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist: 3.12.2017