I Leikanger kan ein drive både fjord- og innlandsfiske.
 

Fjordfiske:
Du kan fiske både frå land og båt i Sognefjorden.

Innlandsfiske:
Fiske i utmarka i Leikanger kommune er organisert gjennom Systrond grunneigarlag. Systrond grunneigarlag sel fiskekort og jaktkort på småvilt for heile kommunen.

Jaktkort og fiskekort kan kjøpast hjå Erling Røysum As på Hermansverk og på Mix-kiosken i Sogndal. Dette gjeld fiske i m.a. Fjærlandsetvatnet, Trastadalsvatnet, Havravatni, Tuftahaugdammen, Yksnavatnet og Fagereivatnet. Det gjeld og fiske i elvane i Henjadalen og Njøsadalen. I Henjadalen er det forbod mot fiske mellom vassinntaket (bommen) og Rjukandefossen.
Laksefiske i neste del av Henjaelvi er privat og det vert ikkje seld fiskekort.

Småviltjakt er berre tillete for fastbuande i Leikanger kommune