Jordmortenesta har i hovudoppgåve å gi støtte og rettleiing i svangerskapet, og medvirke til at svangerskap og fødsel går på ein naturleg og normal måte.

Jordmor tilbyr:
Oppfylging i svangerskapet - henviser om nødvendig til spesialisthelseteneste
Svangerskapskurs/førebuing til foreldrerolla
Heimebesøk etter fødselen
Samtale etter fødselen
Ammerettleiing
Prevensjonsrettleiing
Fylgjeteneste til sjukehus ved fødsel

Svangerskapskontrollane skjer i samarbeid mellom jordmor og lege. Fyrste kontroll (veke 8-12) er vanlegvis til lege. Fyrste kontroll hos jordmor er vanlegvis i veke 13-16. Vidare kontrollar er oftast til jordmor. Det er fritt opp til den gravide å bestemme kven ho vil bli fulgt opp av i svangerskapet.
Tenesta er gratis.
 

Jordmorvakt
Kommunen er med i eit interkommunalt vaktsamarbeid med kommunane Luster og Sogndal. Det er jordmor på vakt 24 timar i døgnet.
Vakttelefonnummeret er 116117.