Karrieremesse i Sogndal 16. oktober

Den 16.10.2012 skal det arrangerast karrieremesse på Fosshaugane Campus. Messa er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Framtidsfylket. Arrangørane ønskjer at næringsliv og offentlege aktørar frå heile fylket og mange bransjar deltek. Slik kan arbeidsgjevarar profilere seg på ein god måte for studentmiljøet og unge arbeidstakarar.

Målgruppene for karrieremessa er HiSF-studentar i Sogndal og Førde, unge arbeidstakarar og representantar frå offentleg og privat næringsliv frå heile Sogn og Fjordane.

Bestillingsfrist for standplass er 11. september.

Program og meir informasjon på nettsidene til Framtidsfylket.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS