Arbeidet med kartleggjing starta allereie i 2015, men stoppa opp ein lengre periode. I september 2019 starta arbeidet oppatt, og det skal ferdigstillast i desember. Arbeidet skjer etter Miljødirektoratet sin mal M98. Kartleggjinga og verdsetjinga er gjort av ei arbeidsgruppe med personar frå lokalsamfunnet som er godt kjende med friluftslivsområda i kommunen.

Karta viser områda som er kartlagde. Alle områda har ein eigen ID. Til dømes er Kleppa registrert med Iden TM19. Dei to første bokstavane seier noko om kva kategori som er brukt for det aktuelle område. Talet har ikkje ei særskild betydning.

Friluftslivsområda er kategoriserte slik:

  • Grønkorridor = GK
  • Leike og rekreasjonsområde = LR
  • Marka = MA
  • Nærturterreng = NT
  • Særleg kvalitetsområde = SK
  • Stort turområde med tilrettelegging = TM
  • Stort turområde utan tilrettelegging = TU
  • Strandsone med tilhøyrande sjø og vassdrag = SS
  • Utfartsområde = UO

I eigenskapsskjemaet finner du oversikt over alle dei registrerte friluftslivsområda, områdenamn og ei skildring av område. Videre fylgjer verdsetjing av områda basert på ulike kriterium.

Til dømes er Kleppa merka med «stor» brukarfrekvens blant lokale og «ganske ofte» besøk av regionale og internasjonale brukarar. Den endelege verdsetjinga er basert på resultata frå dei ulike kriteria. Av dei om lag 60 registrerte områda i Leikanger er 35 registrert som svært viktige, 11 er registrert som viktige.

Du har høve til å komme med innspel til kartlegginga innan onsdag 20. november. Det kan vere i høve til korleis avgrensinga i kartet er gjort, namn som er sett på område, eller verdsetjing av område. Dine innspel er viktige for å sikre best mogleg kvalitet i arbeidet.

Send ein e-post til postmottak@leikanger.kommune.no eller ring serviceekspedisjonen på telefon 57655600.

Eigenskapsskjema

Oversiktskart Leikanger SØ
Oversiktskart Leikanger NØ
Oversiktskart Leikanger SV
Oversiktskart Leikanger NV

Detaljkart Fatlaviki
Detaljkart Skjeljaviki
Detaljkart Leikanger idrettspark
Detaljkart Henja
Detaljkart Kleppavegen
DetaljkartOhnstadhaugen
Detaljkart Nybø
Detaljkart Strandavegen
Detaljkart Ytre Hamre