I kjernejournalen din vert det samla viktige helseopplysingar som du og helsepersonell har tilgang til.
Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysingar som er spesielt viktig dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikke har vore før.

Dersom du ikkje ynskjer kjernejournal, kan du reservere deg.

Les om kjernejournal på helsenorge.no


Har du ein sjeldan sjukdom eller alvorleg allergi?

Då kan du snakke med fastlegen din og be han/ho om å leggje dette inn i din kjernejournal.

1-2 prosent av alle innbyggjarane i Norge har ein sjukdom, tilstand eller allergi som gjer at akuttbehandling kan få alvorlege følgjer om legane ikke får beskjed om dette før dei startar behandlinga. Slike opplysingar, som kan endre val av undersøkjing, behandling og oppfølging av deg på sjukehus, vert kalla «kritisk informasjon» og er ein viktig funksjon i kjernejournalen.

Det er legen som må registrere kritisk informasjon i  pasienten sin kjernejournal. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Derfor vil ikkje kritisk informasjon ligge i kjernejournalen din før legen har registrert den.

Eksempel på kritisk informasjon er:

  • Alvorlege allergiar eller overfølsomheitsreaksjonar (eksempelvis allergi mot penicillin eller tidlegare problem med narkose)
  • Implantat (for eksempel shunt i sentralnervesystemet eller pacemaker)
  • Viktige behandlingar du får (eksempelvis dialyse eller cellegift)
  • Sjeldne, alvorlege tilstandar (for eksempel blødarsjukdom, binyrebarksvikt, immunsvikt eller enkelte stoffskiftesjukdommar)

Om du har desse eller andre alvorlege allergiar eller sjukdommar, kan du be legen din registrere dette i din kjernejournal neste gang du har time. Er du i tvil, kan du også snakke med legen din om dette.