Leikanger formannskap vedtok i møte 29.11.18 å leggje kommunedelplan for kulturminne ut til offentleg ettersyn/høyring med heimel i plan- og bygningslova § 11-14.

Planen er også utlagt i serviceekspedisjonen i Tinghus 1 og på Leikanger folkebibliotek.

Merknader til planen sendast innan 10.02.19 til postmottak@leikanger.kommune.no, Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger eller du kan nytte vårt elektroniske høyringsskjema.

Kommunedelplan for kulturminne - planomtale med føresegner og retningsliner

Plankart

Lenke til digitalt plankart ligg inne i planomtalen. Der kan ein slå på fleire lag i kartet, til dømes gardskart og teiknforklaring. Det digitale plankartet fungerer best i Google Chrome eller Mozilla Firefox.