Individuell plan og koordinator

Har du behov for hjelp frå fleire fagpersonar i Leikanger kommune? Då kan du få hjelp frå ein koordinator. Du har rett til å få utarbeidd ein individuell plan.

Behovet for koordinator og/eller individuell plan må meldast til koordinerande eining. Meldeskjema finn du her.

Koordinerande eining (KE) er etablert på tvers av dei ulike tenestene i kommunen. KE skal sikre at du får ein koordinator, får tilbod om individuell plan og at samhandlinga mellom brukar/pårørande, tenesteytarar i kommunen og andre aktuelle etatar er god.

Ved spørsmål, ta kontakt med koordinerande eining:

Rannveig Kvåle 941 42 644 (epost), Guro Kristin Lunde-Ness 974 12 499 (epost).