Leikanger kommune og Systrond Sogelag har laga ein kulturminneplan for kommunen.

Arbeidet med kulturminneplan og kulturminneregistrering skal bidra til:

  • Identitet, lokal forankring og engasjement
  • Auka kunnskap om, og bevisstgjering av kulturminneverdiane i kommunen
  • Oversyn og verdisetting av viktige kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap
  • Oppdatering av dei nasjonale kulturminnebasane Askeladden og kulturminnesøk
  • Oppdatering av SEFRAK-registeret

Kulturminne og kulturmiljø er viktige ikkje-fornybare ressursar i lokalsamfunnet. Kulturminne kan ha verdi som kjelde til kunnskap og opplevingar, og som bruksverdi. I vurderinga av kva som er dei viktigaste kulturminna, vil me legge vekt på kva kunnskap kulturminne kan gje oss, kva opplevingar kulturminne kan gje oss, og kva bruk kan kulturminne ha.

Me organiserer jamlege møte og kulturkveldar. For å halde deg oppdatert, følg med på kommunen si heimeside, og på facebooksida  «Kulturminne i Leikanger». Me treng frivillige til å vere med og registrere kulturminne! Vil du vere frivillig, eller har du spørsmål eller innspel, ta gjerne kontakt!

Kjell Arne Valvik, leiar Systrond Sogelag, tlf. 406 12 120

Aase Bruntveit Njøs, Leikanger kommune aase.bruntveit.njos@leikanger.kommune.no

Kulturminneplan - vedteke planprogram
Kulturminneregistrering