I samband med kulturminneplanen, ønskjer me å få registrert flest mogleg kulturminne i kommunen vår. Me har delt oss inn i tre grupper:

  1. Bygda, grender og gardar
  2. Fjell og utmark
  3. Fjorden

Arbeidet er starta opp, men me vil gjerne ha med fleire. Send oss ein e-post dersom du er interessert: postmottak@leikanger.kommune.no

Ein treng ikkje nokon førehandskunnskap på feltet, berre interesse for arbeidet. Ein vel sjølv kor mykje arbeid ein vil leggje ned i registreringa, og kva type kulturminne ein ønskjer å registrere. For meir informasjon, sjå:

www.kulturminnesok.no

Håndbok for lokale registreringer:
http://www.riksantikvaren.no/Prosjekter/Kulturminne-i-kommunen/Haandbok-for-lokale-registreringer