Kurs i sikker opprydding i stormskada skog
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerar kurs med fokus på tryggleik ved hogst av stormfelt skog på Leikanger måndag 16. jan kl. 10.00. Stad vert annonsert seinare.
Opprydding og lauskapping av stormfelte tre/rotvelter er ekstremt farleg. Det er store spenningar i trea, og det er vanskeleg å avgjere kva veg dei kan slå laus.
I samarbeid med kommunane og Skogeigarlaget vert det arrangert korte kurs i sikker opprydding av stormskadd skog. Kursa er gratis og det er berre å møte opp. Dei varar omlag 4 timar og har ein teoridel og ein praktisk del.
Skogeigarlaget vil også gje info om oppryddingsarbeidet.
Me oppfordrar alle som har tenkt å starte med opprydding av stormskadd skog om å vere med på eit slikt kurs. Me reknar med at det vert halde fleire kurs enn dei som førebels er sett opp. Gje melding til kommunen dersom du meiner det er trong for fleire kurs!