• Tilbod om uforpliktande samtale for å avklare aktuell situasjon og vurdere behov for vidare oppfølging
  • Medvirke til kontaktetablering og samarbeid med andre aktuelle deler av hjelpeapparatet, både i kommunen og utanfor, inkludert spesialisthelsetenesta
  • Ved behov for å vurdere vidare behandling i spesialisthelsetenesta, vil Nav normalt henvise til Indre Sogn psykiatrisenter. Aktuell behandling i spesialisthelsetenesta kan til dømes vera poliklinisk samtale og/eller innlegging på behandlingsinstitusjon.
  • Kommunen har som oppgåve å følgje opp personar under og etter behandling i spesialisthelsetenesta
  • Ved behov for oppfølging og spesielle tiltak, vil det i samarbeid med den enkelte bli fatta eit vedtak som inneheld ei beskriving av kva tenester du vil motta og kva dei omfattar.

Ansvaret for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) ligg hjå spesialisthelsetenesta, men all helsehjelp, uansett om den blir ytt av kommunen eller spesialisthelsetenesta, utløyser pasientrettar etter pasientrettigheitslova.
Ved behov for langvarige og koordinerte tenester, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan.