Kvalifiseringsprogram

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg som treng ekstra støtte for å delta i arbeidslivet, og som ikkje har ein medisinsk diagnose som gir deg rett til trygdeyting. Programmet blir utforma i samarbeid med deg. Det skal innehalde arbeidsretta tiltak /opptrening, eventuelt også medisinsk behandling og eigenaktivitet som gjer det lettare å komme i arbeid.

Programmet skal vera på full tid, og graden av aktivitet kan gradvis aukast opp til 100 %.
Medan du deltek i programmet mottek du kvalifiseringsstønad, pr. 01.10.10 kr.153.180.-pr.år dersom du er over 25 år. I tillegg kjem barnetillegg og bustønad.

Du har rett til individuell plan.
 

Målgruppe

Personar som treng tett oppfølging over tid.

Handsaming

Du må sette fram ein skriftleg søknad. Det vil bli fatta eit enkeltvedtak etter lov om sosiale tenester. I vedtaket går det fram om du har fått innvilga søknaden eller ikkje.

Kvalifiseringsprogrammet skal starte opp seinast seks månader etter at søknaden er motteken på Nav. Før oppstart skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering som blir gjennomført i samarbeid mellom deg og Nav.

Handsamingstid

Søknaden blir handsama snarast, og seinast innan tre veker etter den er motteken på Nav.

Klage

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen skal sendast til Nav kontoret. I klaga skal du skrive kva du er usamd i, og grunngi dette. Klaga kan og settast fram muntleg til Nav kontoret. Nav vil gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS