Lærings- og meistringstilbod er retta mot personar som har langvarige helseutfordringar og deira pårørande. Tenestene legg til rette for at ein tileignar seg kunnskap som kan bidra til meistring av eigen livssituasjon. 

Sogn frisklivs- og meistringssenter tilbyr ulike lærings- og meistringskurs:

KiD-kurs – Kurs i meistring av depresjon
Kjenner du deg nedstemt eller deprimert? Ynskjer du hjelp til å fungere i kvardagen? Då kan kurs i meistring av depresjon vere noko for deg. Ta kontakt for meir informasjon: Vivi Ann Abelsen (99168050) eller Silje Systad Moen (94145979), Psykisk helseteam Luster.

Frisk og Rask
Eit tilbod til barn og unge som har overvekt og deira familiar. Ta kontakt med Sogn frisklivs- og meistringssenter for meir informasjon: 95 30 38 97.

Røykesluttkurs
Ynskjer du hjelp til å slutte å røyke? Sogn frisklivs- og meistringssenter arrangerer røykesluttkurs. Ta kontakt for meir informasjon: 95893641, e-post: sfms@sogndal.kommune.no

Kosthaldskurs
Sogn frisklivs- og meistringssenter arrangerer Bra mat-kurs, eit inspirasjonskurs for å få til ei varig endring av levevanar med tanke på matvanar og matvareval. Ta kontakt med Sogn frisklivs- og meistringssenter for meir informasjon: 95893641, e-post: sfms@sogndal.kommune.no

Fleire lærings- og meistringstilbod
Sogn frisklivs- og meistringssenter vil etter kvart tilby fleire lærings- og meistringstilbod til personar med langvarige helseutfordringar og pårørande.

Følg med på heimesida for oppdatert informasjon: http://sognfms.blogspot.no/  og på Facebook: Sogn frisklivs- og meistringssenter

Logo Sogn FMS.png