Deling av landbrukseigedom er som regel knytt til at den frådelte tomta skal nyttast til byggjetomt. Alle landbrukseigedommane er avsett som LNF-område i arealdelen i kommuneplanen. Skal tomta nyttast til byggjeføremål, må det søkast om dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen, jf Kap.19 i Plan- og bygningslova. Dispensasjon krev grunngitt søknad.
Naboane skal varslast om søknaden.

Jordlova sin hovudregel er at det er forbod mot deling av landbrukseigedommar. Når ein skal avgjera om samtykke skal givast, skal det takast omsyn til:

  • om delinga kan føra til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
  • arealbruk etter plan- og bygningslova
  • kulturlandskapet

Samtykke til deling og dispensasjon kan givast dersom:

  • fordelen med å gi dispensasjon er klart større enn ulempene
  • samfunnsinteresser av stor vekt talar for det
  • deling er forsvarleg ut frå omsynet til avkastninga på eigedommen

Søknad om deling av landbrukseigedom skal sendast til kommunen.
Kommunen sender søknaden til Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen til fråsegn før handsaming i kommunestyret.