Langtidsopphald

Langtidsplass er eit tilbod til personar som ikkje kan klare seg sjølv og som treng vedvarande behandling, tilsyn og pleie.

Målgruppe

Innbyggjarane i Leikanger kommune som på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsnivå eller anna, har behov for meir personlig hjelp enn ein kan få i eigen heim.
 

Vilkår

Individuell vurdering etter søknad om tenester.
 

Pris

For langtidsopphald betalar ein ein viss andel av inntekta si.
Utgangspunktet er all skattbar inntekt (t.d. pensjon, renteinntekter, inntekt av aksjar), etter frådrag for skatt og andre frådrag (t.d. forsørgjarfrådrag, mèndel).
Det er ikkje høve til å krevje deler av formuen som betaling (t.d. fast eigedom, bankinnskot).

Alle bebuarar har ein sum til eigen disposisjon, Lommepengedelen, som består av:
25 % av Grunnbeløpet, 75 % av Fribeløpet og 15 % av øvrige inntekter ut over Grunnbeløpet.

Forskrift om vederlag for opphald i institusjon regularar størrelsen på betalinga.

Grunnbeløpet er kr 79216 pr. 1. mai 2011, dette blir justert kvart år.
Fribeløpet for berekning av vederlag er sett til kroner 6600 pr 01.01.2011.

Kurdøgnpris -makspris for eigenbetaling for opphald på sjukeheimen.
Satsar for 2011:
kr. 740 950 pr. år
kr.   61 746 pr. mnd

Handsaming

Individuell vurdering av søknaden vert føreteke etter samtale/heimebesøk og eventuelt samarbeid med andre hjelpeinstansar. Dette gjev grunnlag for vedtak om tenester.

Når eit vedtak er fatta, får du skriftlig melding om din søknad er innvilga eller ikkje.

Dersom søknaden din er innvilga, vert vedtaket sendt over til sjukeheimen som vil ta kontakt med deg og dine pårørande for samtale kring innlegging.

Handsamingstid

3 veker

Søknadsfrist

Ingen

Klage

Dette vedtaket kan det klagast på. Fristen for å påklage vedtaket, i forhold til innhald og omfang av tenesta er 3 veker. Klageinstansen er kommunen ved det organ kommunestyret bestemmer.

Dersom klagaren ikkje får medhald, kan det klagast vidare til Helsetilsynet i fylket, jr. Lov om helsetjenesten i kommunane § 2 – 4.
Tenesteleiar i Pleie og omsorg, eller den som får delegert ansvar, kan vere hjelpsam med å forme ein klage, jfr. Lov om Behandlingsmåten i Forvaltningssaker av 10.02.67 § 11.
Erklæring om klaga kan vere framsett skriftleg eller munnleg og bør nemne dei forhold som det klages over og gje opplysningar som kan vere av betydning for handsaminga av klaga, jfr. Lov om Pasientrettigheter av 2. juli 1999 §§ 7-3.
 

Kva du kan forvente hjelp til:
  • Stå opp og leggja seg kvar dag.
  • Ivareta dagleg personleg hygiene.
  • Trene opp ADL-funksjon.
  • Å kle av og på seg.
  • Dusje med hårvask inntil 1 gang pr. veke.
  • Inntak av tilstrekkeleg næring og væske
  • Munnhygiene
  • Barbering.
  • Trening.
  • Medisinsk behandling: Medisinering, sårbehandling og anna.
  • Fysioterapeut kjem 2 gongar i veka og trener med dei bebuarar som har eit behov. Lege i samarbeid med fysioterapeut rekvirerer denne form for behandling.
  • Det er legevisitt 1 gong i veka . Har du behov for å snakke med legen kan du ta kontakt med pleiarane , så gjer dei beskjed vidare til avdelingssjukepleiar
  • Årskontroll gjennomførast 1 gong i året. Då takas mellom anna blod- og urinprøver, blodtrykk og ein generell helsesjekk
  • Sjukeheimen har ikkje eigen frisør. Vi bestiller frisør opp på sjukeheimen annakvar månad, men klarer du å reise ut så oppfordrar vi deg til det. Frisør må dekkas av kvar enkelt bebuar.
  • Tannlegen kjem med jamne mellomrom og tek ein tannstatus på bebuarane. Ved behov kallar han deg inn til time. Vi oppfordrar pårørande til å følgje til tannlege, men er dette vanskeleg leiar vi inn ekstra ressursar til det. Tannlegetenesta er gratis.
  • Fotterapeut kjem ca. kvar 8 veke. Fotterapeut må dekkas av kvar enkelt bebuar. Gje beskjed til primærkontakt dersom du ynskjer fotpleie.
  • Når du kjem inn på sjukeheimen får du tildelt ei eller to primærkontaktar. Er det noko du og dine pårørande lurer på omring det praktiske kan du ta kontakt med dei.
Me lovar:
  • At du vert møtt med respekt
  • At du som hovudregel vert kontakta seinast 4 dagar etter at vi har motteke din søknad.
  • At din søknad som hovudregel vert handsama innan 3 veker jfr. Forvaltningsloven.
  • At du så langt det er mogeleg får innverknad på korleis tenesta skal utførast.
  • Å gje deg personleg hjelp i samsvar med til vedtak og avtale.
  • At personalet overheld teieplikta.
For at me skal kunne oppfylle dette:
  • Ynskjer vi å ha ein samtale med deg og dine pårørande om forventning og ynskje for opphaldet ved Leikanger sjukeheim ilag med primærkontakt og avdelingssjukepleiar, slik at vi kan danne grunnlaget for eit godt samarbeid.
  • Samtale om fastsetjing av vederlag for opphaldet ved sjukeheimen.
  • Må du være villig til å gjera deg nytte av tekniske og andre hjelpemiddel som kan letta kvardagen.
  • Du må ta med deg eigne kle, inklusive undertøy. Tøyet må merkes med Leikanger sjukeheim og eit nummer som du får tildelt før du kjem inn. Vi sender tøyet på vask ved Sogndal vask og renseri. Finare klede / ulltøy må pårørande vaske sjølv.
Aktivitetar:
  • Røde kors besøksteneste kjem anna kvar tysdag og syng med bebuarane.
  • Nokre onsdagar er det andakt ved presten og siste onsdag i månaden er det Nattverd.
  • Kvar torsdag er det bingo. Dersom du har nokon med deg kan dei bestille middag og ete i lag med deg på torget.
  • Aldersheimens vener har tilstelling siste onsdag i månaden med kaffi og utloddning.
  • Annakvar fredag er det Eldrekafe på torget.
  • Innimellom er det konserter eller andre aktivitetar, sal av kle og sko. Det vert eigne oppslag om dette.
     
Aktuelle lover:

Kommunehelsetenesteloven § 2.1
Forvaltningsloven
Pasientrettighetslova

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger

Telefon
Administrasjon  57 65 56 55
Avd.sjukepleiar  57 65 56 51
Mobil                    907 26 370

Tenesteleiar
Anne Margrethe Kraavik
Telefon 57 65 56 54
Send e-post 

Gul avdeling:     57655690/91
Grøn avdeling:  57655692/93
Raud avdeling: 57655694/95
Blå avdeling:     57655696/97
Nattevakt:           57655698/99

Ved spørsmål om rekningar for
tenester innan pleie og omsorg
Christa Rockland
tlf 57 65 56 55/57 65 56 84
(kontortid onsdagar) 
Ring gjerne på førehand for å avtale eit møte.
Send e-post 
 

Web levert av CustomPublish AS