Leikanger kommune har ledig 100 %  stilling som kommunalsjef for plan, miljø og teknisk drift frå 1 november 2017.

Arbeidsoppgåver

Kommunalsjef for plan, miljø og teknisk drift vil få overordna ansvar for tenesteområdet som omfattar areal- og reguleringsplan, byggesak, kommunalteknikk forvaltning og drift, landbrukskontor og miljøforvaltning.
I nært samarbeid med dine tenesteleiarar skal du sørge for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet innanfor gjeldande regelverk, kommunale planar og budsjett.

Du er ansvarleg for at kommunen er aktiv i samfunnsdialogen på dei tema som ligg til ansvarsområdet.

Kommunalsjef inngår i rådmannen si leiargruppe og møter i ulike politske utval på vegne av rådmannen.


Kvalifikasjonar

Minst 3-årig relevant høgskule-/universitetsutdanning frå eitt eller fleire av tenesteområda sine fagområde.
Plankompetanse og erfaring innan administrasjon og leiing vil bli tillagt særskild vekt.


Personlege eigenskaper

  • Du gjennomfører organisatoriske mål
  • Du samarbeider godt og skapar gode relasjonar
  • Du presenterer og informerer godt
  • Du tilpassar deg og reagerer positivt på endringar
  • Du leverer kvalitet og møter aktivt brukarane sine forventingar


Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Eit triveleg arbeidsmiljø


Anna

Leikanger kommune har inngått avtale med nabokommunane Sogndal og Balestrand om å gå saman om ein ny kommune frå 1. januar 2020. Namnet på den nye kommunen blir Sogndal kommune der sentrale politiske og administrative stillingar skal vera plassert i Leikanger. Kommunalsjefen vil stå sentralt i planlegginga og få oppgåver i arbeidet med å bygge den nye kommunen.

Tilsetjinga skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtale

Om du ønskjer meir informasjon om stillinga – ta kontakt med rådmann Odd Arve Rakstad tlf. 95235834 eller personalsjef Dagrun Røysum tlf. 57655611.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist: 12. september 2017

Leikanger kommune med 2300 innbyggjarar er Sogn og Fjordane sitt administrasjonssenter med høgkompetanse knytt til Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Statens vegvesen, NAV og DIFI. Regionsenteret Sogndal med sitt høgskule- og forskningsmiljø og direkte flysamband til Oslo og Bergen ligg 20 min unna. Leikanger er kjend for frukt, reiseliv og unike friluftsaktivitetar knytt til isbrear, fjell og fjord.