Leikanger sjukeheim består av 28 sjukeheimsplassar med 4 avdelingar fordelt på skjerma eining, ein rehabiliteringsavdeling og to langtidsavdelingar.
Heimetenesta består av eitt distrikt og er samlokalisert med sjukeheimen. Her ligg også legesenter, helsestasjon, jordmorteneste, fysio- og ergoterapiteneste, psykiatriteneste og dagsenter for personar med demens.

Samlokalisering bidreg til eit tett og nært samarbeid med lege, psykiatri og fysiotenesta.

Kommunen deltek i velferdsteknologiprosjektet og er i full gang med implementering i tenesta vår. Vi jobbar aktivt med oppfølging av ernæring, medikamenthandtering, hygiene, rehabilitering, palliasjon og demens.
 

Vi har 4 ledige stillingar:

  • 3 faste sjukepleiarstillingar, inntil 100%
  • 1 sjukepleiar i 100% vikariat, frå 01.04.2018 i om lag 1 år

Tre stillingar er for tida knytt til sjukeheimsavdelingane og ein stilling er knytt til heimetenesta.
 

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver
  • Pleie, omsorg og behandling av bebuarar ved sjukeheimen eller i heimetenesta
  • Ansvar for kontaktoppgåver, mellom anna primærkontakt
  • Bidra til aktivitet med bebuarane
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • Vere rettleiar for studentar/lærlingar og andre

Kvalifikasjonar:

  • Off. godkjend sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning innan eks. demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
  • Det er krav om godkjend norskprøve 3 for framandspråklege søkjarar
  • Kravet kan fråvikast dersom det kan dokumenterast god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Godkjend politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
  • Heimetenesta har krav om førarkort kl.B

Personleige eigenskapar

  • Vere løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg

I tillegg til eit godt arbeidsmiljø kan vi mellom anna tilby

  • Godt fagmiljø og dyktige medarbeidarar
  • Utfordrande og lærerik jobb
  • Todelt turnus med arbeid kvar 3. helg
  • Startløn tilsvarande minimum 8 års ansiennitet eller etter avtale
  • Kommunen kan være behjelpeleg med på å skaffe bustad

Ta kontakt med tenesteleiar for pleie og omsorg Hanne Hoff tlf.57655651/90726370, hanne.hoff@leikanger.kommune.no eller avdelingssjukepleiar Solfrid Høyheim tlf.57655658/91812767 om du har spørsmål om stillingane.

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema