• 70% fast stilling for vernepleiar eller andre med relevant kompetanse, turnus med hovudvekt nattevakter og arbeid kvar 4. helg
  • Inntil 50% engasjement for miljøterapeut i nyoppretta tiltak i privat heim, turnus og arbeid på helg

Vi søker dyktige medarbeidarar – er det deg?

Leikanger kommune har ledig fast stilling for vernepleiar eller andre med relevant kompetanse i avlastnings-/omsorgsbustadar for barn og unge vaksne, og engasjement for miljøterapeut  i nyoppretta tiltak i privat heim. Du får vere med å starte opp nytt tiltak, og du får utfolde deg fagleg og kreativt. Hjå oss får du kollegar som

  • vil at du skal trivast
  • er fagleg dyktige
  • har stor takhøgde og masse humor
  • tek vare på kvarandre

Blir du motivert av å jobbe tverrfagleg med fagleg dyktige kollegar? Får du energi av å gjere kvardagen til menneske betre? Då er det deg vi leitar etter!

Arbeidsoppgåver innanfor miljøterpi og helsehjelp                                                                                                 
Relevant kompetanse og personlege eigenskapar vert vektlagt                                                                                       
Du må ha bilsertifikat. Stillinga har krav om politiattest. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og kommunal tariffavtale. Det er 6 månader prøvetid i stillinga.

Meir info? Slå på tråden!
Til leiar tiltak for personar med redusert funksjonsevne Gunn Ragnhild Rimala, Tlf 916 26 119

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist: 18.06.18