I samband med at Leikanger kommune skal utvide eit avlastingstilbod for barn, treng vi fleire medarbeidarar. Tiltaket vil omfatte fleire årsverk fordelt på ulik fagkompetanse der tverrfagleg samarbeid er nødvendig.

Leikanger kommune har ledige stillingar innan fylgjande fagområde:

  • Teamleiar for tiltaket
  • Sjukepleiar
  • Vernepleiar
  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Miljøarbeidar

Stillingane inngår hovudsakleg i eit avlastingstilbod til barn og inneber alternative turnusordningar. Det kan bli vurdert ulike turnusordningar tilpassa tilsette sine ynskje.  Det kan bli aktuelt å tilsetje både i fast stilling og i engasjement. Storleik på stillingane vil i hovudsak vere inntil 100%, men det kan også bli behov for deltidsstillingar. Ber om at søkjar set fram ynskje om stillingsstorleik i søknaden.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Avlaste foreldre med omfattande omsorgsarbeid
  • Gi helse- og omsorgsteneste for barn med nedsett funksjonsevne i barnet sin eigen heim
  • Legemiddelhandtering
  • Tett samarbeid med pårørande og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonskrav:

  • 3-årig høgskule med bachelor om du søker som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ynskjeleg med erfaring frå å jobbe med små barn

Personlege eigenskaper :

  • Vere samarbeids- og løysingsorientert
  • Ha interesse for og gode evner til tverrfaglig samarbeid
  • Vere lydhøyr overfor brukar og pårørande
  • Vere fleksibel og ha god omstillingsevne
  • Ha god evne til planlegging, kunne jobbe sjølvstendig, vere målretta og strukturert

Personlege eigenskaper vert vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om godkjend politiattest av nyare dato for alle stillingane. Tilsetjing frå snarast. Løn etter kommunal tariffavtale. Det er 6 månader prøvetid i faste stillingar. Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av lover, reglar og tariffavtale. Søkjar må vere budd på at innhald og ansvar i stillinga kan bli endra som fylgje av endra behov.

Ta gjerne kontakt med leiar i Tiltak for funksjonshemma, Gunn Ragnhild Rimala, telefon 91626119 for å få meir informasjon om stillingane.

Søknaden sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist: 15.10.2017